Førsteamanuensis II

Petter Erik Leirhaug

Arbeids- og kompetanseområde

Kompetanseområde, undervising og forsking er primært knytt til lærarutdanningane og høgskulen sine bachelor- og mastergradsstudier innen idrett, kroppsøving og friluftsliv. Eg har bakgrunn som lærar i grunnskule og vidaregåande skule, og har også arbeidd med friluftsliv i folkehøgskule og for ulike kursaktørar. Eg starta ved HiSF hausten 2008 og har vore her sidan, med ei lita pause (på fire år) som stipendiat ved Norges idrettshøgskole. Resultatet av pausen er ei doktorgradsavhandling om vurdering for læring i kroppsøving. Har også delteke i læreplanarbeid for kroppsøving i régi av Utdanningsdirektoratet og har vore med å utforme retningsliner for kroppsøving som fag i dei nye grunnskulelærarutdanningane. Kva gjeld forskingsinteresser ut over kroppsøving og læreplanutvikling, kan eg nok skuldast for å vere over gjennomsnittet oppteken av læring i og gjennom rørsle, friluftslivshistorie, naturfilosofi og nærfriluftslivets didaktikk. Eg er leiar for forskingsgruppa Læring i kroppsøving og friluftsliv ved Institutt for idrett, HVL Campus Sogndal.