Sensor

Rolf Horne

Arbeids- og kompetanseområde

Eg arbeidar som førsteamanuensis ved fagseksjonen Master i klinisk sjukepleie, barnesjukepleie, Høgskulen på Vestlandet. Mitt arbeid er dels forsking, undervisning, emneansvar og koordinator for barnesjukepleiarutdanninga.

Bakgrunnen min er sjukepleiar, spesialsjukepleiar i psykiatri med ein mastergrad innan helsetenesteleiing og administrasjon. Masteravhandlinga sette fokus på sosialisering av nytilsette legar i sjukehus. Doktorgraden har eg frå Universitetet i Bergen innan sjukepleievitskap. Tema var barnehabilitering, om sosiale praksisar som oppstår i relasjonen mellom foreldre til hjelpeavhengige barn og unge og fagprofesjonelle i kommune og sjukehus.

Erfaringar frå pasientretta arbeid har eg frå arbeid med akutt og kritisk sjuke, sjuke og sosialt utsatte barn og familiar og bebuarar på sjukeheim. Eg har erfaring frå utdanning, rettleiing og sensurering på bachelor- og masternivå innan helsefag i Danmark og Norge. Eg har gjort fagfellevurderingar for fleire vitskaplege tidsskrift og arbeida med forskingsstøtte ved eit dansk sjukehus. Det siste året har eg hatt verv i fagleg ressursgruppe for utgreiinga av habilitering- og rehabiliteringstenester i Helse Førde, og er p.t. del av Rethos 3 arbeidet – Barnesjukepleie – i regi av Kunnskapsdepartementet. 

Underviser i
  • Vitenskapsteori og metode
  • Praxeologi
  • Familie
  • Medikalisering og perspektiver på sjukdom og normalitet
Forskar på
  • Praksisar innan familiar og helseinstitusjonar/-tenester
  • Sosial ulikskap
Forskargrupper