Høgskulelektor

Siv Iren Juklestad

Arbeids- og kompetanseområde

Utdanna frå Høgskulen i Sogn og Fjordane; bachelor i sjukepleie 1993, psykiatrisk sjukepleie i 1997 og rettleiing i 2000. Klinisk erfaring frå spesialisthelseteneste i akutt døgn og distrikspsykiatrisk døgnpost i Helse Førde. Fullførte veilederutdanning på Diakonhjemmets høyskolesenter (VID) og Innføringskurs i kognitiv terapi (Norsk Forening for Kognitiv terapi) i 1998/1999. Frå 2000 høgskulelærar i bachelor i sjukepleie og Psykisk helsearbeid, tverrfagleg vidareutdanning. Årskoordinator/emneansvarleg for bachelor i sjukepleie; psykisk helsearbeid og kommunehelseteneste 2003-2007.  I perioden 2004-2016 samarbeid med Norsk Forening for Kognitiv terapi om tre studium i kognitiv terapi. Kvart enkelt studium var på 30 stp. Masterutdanning frå Institutt for sjukepleievitskap frå Universitetet i Oslo i 2011. Frå same år studieprogramansvarleg for Psykisk helsearbeid, tverrfagleg vidareutdanning i Førde. Emneansvarleg for Veiledningspedagogikk i Førde frå 2021.

Underviser i

  • Psykisk helsearbeid, psykiatrisk sjukepleie både på brukar, familie og systemnivå.
    • Terapeutisk tilnærming/metode til menneske med psykiske helseproblem/ lidingar. 
    • Psykiske lidingar; angst, depresjon, psykose, stemningslidingar, personlegdsomsforstyrringar, eteforstyrringar og alderspsykiatri. 
  • Veilednigspedgogikk, både metode og pedagogikk.

Forskar på

Tematiske forskingsområder:

  • Psykisk helse og rus.
  • Profesjonsutdanning og utdanningskvalitet.

Forskargrupper

Personsentrert helseforskning. 

Læring og utdanningsforskning.