Rådgivar

Stina Raknes Kvarven

Arbeids- og kompetanseområde

Eg høyrer til faggruppa studentrekruttering og marknadsføring i avdeling for kommunikasjon. Me jobbar på tvers av avdelingane, fakulteta og campusane for å få til eit heilskapeleg rekrutteringsarbeid for Høgskulen på Vestlandet.

Av fysiske arrangement jobbar eg med open dag på campus Stord, messedeltaking og besøk på skular. På nett har eg portefølgeansvar for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, og jobbar med søkeordanalyse og søkemotoroptimalisering. Eg er involvert i arbeidet knytt til digital marknadsføring for heile HVL, mellom anna planlegging av kampanjar, organisk- og betalt innhald.

Tidlegare har eg jobba som dagleg leiar i reklamebyrået Synleg, Informasjons- og administrasjonsleiar på Bømlo Folkehøgskule og som lærar i norsk og samfunnskunnskap på Bømlo Vaksenopplæring.

Eg er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning og har studert Identitet og merkevarebygging på masternivå på BI i Oslo.