Rådgivar

Turid Oddny Mølmesdal

Arbeids- og kompetanseområde

Eg jobbar som rådgjevar/studie- og karriererettleiar i Seksjon for utdanning.

Dette er mine arbeidsfelt:

  • Leiar/koordinator for Karrieresenteret, Campus Sogndal 
  • Er læringsmiljøkontakt og medlem i campusråd Sogndal
  • Rettleiing knytt til studium og karriere; gjennomgang/rettleiing på jobbsøknad og cv
  • Arrangerer kurs for studentar på Campus Sogndal og Førde knytt til karriere (jobbsøkjarkurs, CV-skriving, intervjukurs)
  • Sakshandsamar søknadar om tilrettelegging av hjelpemiddel og reservert lesesalplass/arbeidsplass
  • Saker knytt til NAV sitt mentorprogram
  • Er med i pilotprosjektet "Mentor ordning for bachelorutdanningane økonomi og administrasjon og eigedomsmegling" på Campus Sogndal

Eg er utdanna allmennlærar ved Sogndal Lærarhøgskule og har ein cand.mag-grad med samfunnsfag som del av graden. I tillegg har eg årsstudium i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen og vidareutdanningar innan rettleiing, kommunikasjon og service og"Ta pulsen på språket".