Prodekan for utdanning

Unni Margrethe Uren Aasen

Unni Margrethe Uren Aasen
Epost: Send epost
Sogndal
FF, 140-A

Arbeids- og kompetanseområde

Av tidlegare yrkeserfaring har eg om lag 20 år frå førstelinetenesta, hovudsakleg i arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming og innan eldreomsorga. Oppgåvene i desse åra veksla mellom direkte arbeid med brukarar og lengre periodar som leiar. I løpet av desse 20 åra tok eg og utdanning; først som hjelpepleiar, så som vernepleiar og deretter ein master i samfunnsplanlegging i Volda i 2002. Etter fullført masterutdanning byrja eg å arbeide ved Høgskolen i Lillehammer. I 2006 byrja eg ved vernepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. I perioden 2007 til 2011 var eg studieleiar ved vernepleieutdanninga og i perioden 2011 – 2018 var eg instituttleiar ved institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie i Sogndal. Frå august 2018 tek eg til i åremålsstilling som fagseksjonsleiar vernepleie, campus Sogndal og Bergen ved institutt for velferd og deltaking ved fakultet for helse og sosialvitskap.

Forskar på

  • Kollegarettleiing, Internasjonalisering og Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS)

Forskargrupper