Førsteamanuensis

Liv Norunn Hamre

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er økolog og underviser på bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, og er for tida også studieprogramansvarleg for denne utdanninga.
 
Eg syns det er spennande å studere samspelet mellom natur og kultur, og korleis vi menneske påverkar landskapet rundt oss. Eg forskar på landskapsendringar over tid og landskapsøkologi, ved hjelp av historiske kart og flyfoto, med GIS som eit viktig verktøy. Eg jobbar primært med effekta av endringar på vegetasjon, på skala frå landskap til poulasjonar av artar. Eg har jobba mykje med tradisjonelt kulturlandskap, men også fjellvegetasjon og vegetasjon langs vegkantar.
 

Aktuelle prosjekt:


- SURROUND (Sustainable urbanisation requiremets of small and medium sized
urban settlements and their surroundings). Arbeidspakke 2: Grøn infrastruktur - korleis har fortetting av urbane område påverka arealbruk og økosystemtenester i tettstader og deira omgjevnadar


- Endringar i ravinelandskapet i utvalde kommunar på Romerrike (studentprosjekt).

- Overvaking av artsrik slåttemark i Sogn og Fjordane (finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

- Deltek i det internasjonale nettverket PLANTPOPNET, som studerer kva abiotiske og biotiske drivarar som bestemmer førekomst og overleving av arten smalkjempe (Plantago lanceolata) på globalt nivå. 

Underviser i

  • PL 416 Landskapsanalyse
  • BI 435 Landskapsøkologi
  • PL 412 Landskapsinngrep

Forskar på

  • Landskapsendringar ved hjelp av GIS
  • Vegetasjonsøkologi, primært kulturmark
  • Populasjonsbiologi

Forskargrupper

Publikasjonar

  • – Me er overraska: Har brukt svært mykje areal per nye innbyggjar

    Groven, Kyrre, Hamre, Liv Norunn (2021)
  • Tretti år med lite effektiv arealbruk i Sogndal

    Groven, Kyrre, Hamre, Liv Norunn (2021)
  • Fortetting og byspreiing: praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar

    Groven, Kyrre, Hamre, Liv Norunn, Moberg, Karen Richardsen, Selseng, Torbjørn (2021)
  • Globale miljømål og gode nærmiljø - kan dei verke saman? Ein diskusjon av berekraftig tettstadutvikling i Sogndal

    Vik, Marte Lange, Hamre, Liv Norunn, Groven, Kyrre, Gamme, Emma Haugen, Stokstad, Henning, Hauge, Leif (2021)
  • Phenotypic plasticity masks range- wide genetic differentiation for vegetative but not reproductive traits in a short- lived plant

    Villellas, Jesus, Ehrlén, Johan, Crone, Elizabeth E., Csergö, Anna Mária, Garcia, Maria B., Laine, Anna- Liisa, Roach, Deborah A., Salguero-Gómez, Roberto, Wardle, Glenda M., Childs, Dylan Z., Elderd, Bret D., Finn, Alain, Munné-Bosch, Sergi, Bachelot, Benedicte, Bódis, Judit, Bucharova, Anna, Caruso, Christina M., Catford, Jane A., Coghill, Matthew, Compagnoni, Aldo, Duncan, Richard P., Dwyer, John M., Ferguson, Aryana, Fraser, Lauchlan H., Griffoul, Emily, Groenteman, Ronny, Hamre, Liv Norunn, Helm, Aveliina, Kelly, Ruth, Laanisto, Lauri, Lonati, Michele, Münzbergová, Zuzana, Nuche, Paloma, Olsen, Siri Lie, Oprea, Adrian, Pärtel, Meelis, Petry, William K., Ramula, Satu, Rasmussen, Pil U., Ravetto Enri, Simone, Roeder, Anna, Roscher, Christiane, Schultz, Cheryl, Skarpaas, Olav, Smith, Annabel L., Tack, Ayco J.M., Töpper, Joachim Paul, Vesk, Peter A., Vose, Gregory E., Wandrag, Elizabeth M., Wingler, Astrid, Buckley, Yvonne M. (2021)
  • Vis alle