Intensivsjukepleiarar sine erfaringar med psykisk stress og utmatting i jobbsituasjonen
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Januar 2020 - Desember 2020
Prosjektsamandrag
Masterprosjektet skal utforske kva erfaringar intensivsjukepleiarar har med psykisk stress og utmatting i jobbsituasjonen. Det vil bli brukt kvalitativ metode, der vi samlar data frå intensivsjukepleiarar i norske generelle intensivavdelingar via semistrukturerte individuelle intervju som skal analyserast med systematisk tekstkondensering. Formålet er å få ei djupare forståing om kva faktorer som kan gje psykisk stress og utmatting i deira jobbsituasjon, samt kva som hjelper sjukepleiarane å meistre dette. Bakgrunnen for val av tema er blant anna at i følge statistisk sentralbyrå (2017) oppgir 36% av sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar at dei er psykisk utmatta når dei kjem heim frå jobb kvar veke, medan 19% av dei samla yrkesgruppene som var med i denne studien svarte det same. Kunnskap frå masterprosjektet kan vere med på å bringe fram kva som kan hjelpe intensivsjukepleiarar som har erfart psykisk stress og utmatting i jobbsituasjonen, samt kva som kan førebyggje dette.