Helse, miljø og livsstil hos ungdom i Sogn og Fjordane
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Oktober 2012 - Desember 2021
Prosjektsamandrag
Kommunane skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og positive og negative faktorar som kan virke inn på denne. Det overordna føremålet med dette prosjektet er å skaffe data som brukast til at kommunane skal kunne stette pålegg frå folkehelselova om å fremme befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, bidra til utjamning av sosiale helseforskjellar og bidra til å beskytte befolkninga mot faktorar som kan ha negativ innverknad på helsa. Prosjektet omhandlar særleg to viktige utfordringar i det førebyggande arbeidet som det trengs meir forsking i forhold om. For det første at stadig fleire unge vert ramma av overvekt og fedme. Dessutan at for mange norske ungdommar ikkje fullførar vidaregåande skule og dermed meir utsett for helseplager i vaksen alder. Hovudføremålet er å undersøke eigenrapportert helse og livskvalitet samt faktorar som kan påverke dette.