Pilot legevakt i Sogn og Fjordane- pasientar sine erfaringar
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
September 2020 - Desember 2021
Prosjektsamandrag
Formålet med studien er å utforske pasienterfaringer i kommunar som har starta opp med legevaktsatellitt. Legevaktsatellittar er eit nytt nivå innan legevaktordninga, og er eit prøveprosjekt som går over tre år. Legevaktsatellittar er stasjonert ute i små kommunar med lang veg til legevakt, og satellittane vil vere bemanna med sjukepleiar/ambulansearbeidar. Kommunikasjon med lege vil vere via videokonsultasjon. Dette er ein kvalitativ studie med ein fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming, der ein vil ha fokus på kva erfaringar pasientar har etter konsultasjon ved ein lokal legevaktsatellitt. Det er nyttig å få kunnskap om korleis denne ordninga fungerer i praksis. Utval: Rekruttering vil bli gjort av SYS IKL ved driftsleiar Borghild Reiakvam. Det vil gjennomførast semistrukturerte individuelle intervju av fem til ti pasientar mellom 60-90 år som er multimorbide og har vore til konsultasjon ved ein legevaktsatellitt. Hovedtema under intervju vil vere samhandling, pasienttilfredshet, tryggleik og kommunikasjon. Denne intervjutypen er valt for å gjere pasienten meir avslappa og intervjuet kan opplevast meir som ein samtale, noko som kan auke informasjonstyrken. Data vil bli analysert med systematisk tekstkondensering.
Metode
Kvalitative analysemetoder