Jobbstøttande praksisar. Ein studie av institusjonelle vilkår for samarbeid mellom tenester i Individuell jobbstøtte (IPS)
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for velferd og deltaking
Prosjekttype
Doktorgradsprosjekt
Prosjektperiode
April 2021 - Mars 2025
Prosjektsamandrag
PROSJEKTPLAN:
Hovudmål og samandrag
Ph.d.-prosjektet vil bruke tiltaket Individuell jobbstøtte (Individual Placement and Support – IPS) som ein case for å få meir kunnskap om korleis ytarar av arbeids-, velferds- og helsetenester samarbeider om IPS. Med utspring frå fire IPS-tilbod lokaliserte i Vestland fylke, vil prosjektet kartlegge og analysere korleis profesjonelle aktørar og tenester samarbeider med kvarandre og med deltakarar i IPS (jobbstøttedeltakarar). Hovudmålet i prosjektet er å utforske og vise fram vilkår og føresetnader involverte tenesteytarar har for å samarbeide om IPS; med vekt på korleis eksisterande normer og reglar verkar inn på IPS-samarbeid, og vice versa. Som delmål søkjer prosjektet
i) å konkretisere døme på korleis IPS-samarbeid blir gjort, og
ii) å identifisere sentrale handlingsvilkår i IPS-samarbeidet.
IPS er ein manualbasert oppfølgingsmetodikk der individuelt tilpassa støtte for å kome i arbeid skal vere integrert med behandlinga personen mottek grunna utfordringar med rus og/eller psykisk helse. I norsk velferdspolitikk blir samarbeid på tvers av fag, profesjon og sektor løfta fram som eit overordna imperativ for å kunne løyse komplekse samfunnsoppgåver. Slikt samarbeid er ein innebygd føresetnad for å kunne praktisere IPS-modellen. Effektstudiar dokumenterer at fleire oppnår målet sitt om ordinært arbeid via IPS enn med standard oppfølging. Derimot har vi lite kunnskap om korleis integreringa mellom arbeidsretta og helseretta oppfølging faktisk blir gjort. Prosjektet vil bruke ein iterativ utforskingsmetodologi inspirert av institusjonell etnografi (IE) der feltarbeid med dynamisk observasjon (shadowing) av jobbspesialistar vil bli etterfølgt av arbeidsmøte med andre fagpersonar involverte i IPS-tilbod i Vestland. Dette empiriske materialet vil eg sjå i samanheng med innhaldsanalysar av styrande dokument (samarbeidsavtalar, IPS-kvalitetsmanual mv.), og i tillegg gjennomføre individuelle, fokuserte intervju for å kunne utfylle bileta av form, innhald og føresetnader i aktuelle IPS-samarbeid. Analysearbeidet vil med bruk av stegvis-deduktiv-induktiv metode kombinere innsikter frå IE med perspektiv frå ny-institusjonell teori.