Eigenomsorg i hjelparrolla

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

August 2021 - Desember 2023

Prosjektsamandrag

Prosjektet "Eigenomsorg i hjelperrolla" skal brukast i ei masteroppgåve, som skal ferdigstillast mai 2022. Føremålet med studien er å få kunnskap om korleis sjukepleiarar innan psykisk helse- og rusarbeid tek vare på seg sjølv på individnivå, for å kunne stå i jobben og møte dei utfordringane yrket medfører. Studien vil ha ein kvalitativ framgangsmetode, da ein er ute etter sjukepleiarane sine opplevingar og erfaringar knytta til temaet eigenomsorg. For å innhente data vil det bli brukt semistrukturerte individualintervju. Inklusjonskriteria er minimum tre års arbeidserfaring som sjukepleiar, ansatt i primærhelsetenesta eller spesialisthelsetenesta innen psykisk helse- og rusarbeid. Sjukepleiarmangel er ein global utfordring, og mange sjukepleiarar forlet yrket på grunn av utbrentheit, sekundærtraumatisering, omsorgstrøyttheit og stress. I 2009 blei det utført ein tverrsnittundersøking i Norge, og det blei sendt ut 9548 spørjeskjema til sjukepleiarar ved 302 postar ved 35 sjukehus og behandlingsstadar. Der kom det fram at 1 av 4 ønska å slutte i jobben eller var usikre, på grunn av misnøye med jobben. Ein tredjedel av desse igjen ville slutte heilt som sjukepleiar. Studien viste også at 24% sjukepleiarane scora høgt på utbrentheit. I analysen kom det fram at intensjonen om å forlata yrket var halvanna til tre gonger så høg hos sjukepleiarar med høg score på utbrentheit (Heinen et al., 2013). Som sjukepleiar innan psykisk helse- og rusarbeid, kjem ein tett innpå andre menneske, og bidreg til at dei får det betre, noko som for mange kan opplevast som eit privilegium. I arbeidet møter ein blant anna menneske som lir av traumatisk stress, er i krise og som har psykiske lidingar. Som hjelpar blir ein påverka av andre si liding, og det å jobbe med menneske gjer noko med ein på godt og vondt. Å arbeide innan psykisk helse og rus, kan opplevast som meir psykisk belastande enn fysisk. For å forhindre sekundærtraumatisering, omsorgstrøyttheit og utbrentheit, må sjukepleiarane ha gode metodar for å beskytte seg sjølv gjennom eigenomsorg. Ein hjelpar som blir tatt vare på og som tek vare på seg sjølv, har mindre risiko for å bli sjuk eller skada av smerta vedkommande tek inn over seg på jobb. I denne studien vil fokuset vere på sjukepleiarane sitt behov for ivaretaking, og korleis dei tek vare på seg sjølv. Dette prosjektet ønsker å finne ut korleis sjukepleiarar innan psykisk helse- og rusarbeid tek vare på seg sjølv for å kunne stå i jobben. Dette er eit tema det er forska lite på, og nytteverdien er stor. Studien kan bidra til eit auka fokus på eigenomsorg, og gjere sjukepleiarar meir bevisste på det å ta vare på seg sjølv for å ikkje bli sjuk av arbeidet, og såleis få fleire til å bli i jobben. Med tanke på den globale sjukepleiarmangelen, vil dette vere positivt for samfunnet og framtida.

Metode

Kvalitative analysemetoder