Oppfylging og samarbeid rundt barn som pårørande
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for helse- og omsorgsvitskap
Prosjektperiode
September 2020 - September 2023
Prosjektsamandrag
Barn er ikkje pårørande slik vaksne er det. Barna er knytt til foreldra sine på godt og vondt, og når foreldre på grunn av sjukdom ikkje er i stand til å utøve foreldreskapet sitt, står barna i fare for å utvikle alvorlege psykososiale problem. I år er det 10 år sidan det kom ei endring i helsepersonellova, der helsepersonell sitt ansvar i samband med kartlegging, informasjon og oppfylging av barn som pårørande blei gjort tydeleg. Undersøkingar tyder likevel på at barn som pårørande berre i liten grad blir fylgt opp etter intensjonen i helsepersonellova. Det er gjort noko forsking på korleis barn som pårørande blir fylgt opp i helseføretaka, men lite på korleis barna blir fylgt opp i kommunane.
Formålet med studien er å utforske meir kva kjennskap tilsette i kommunane har til lovverket rundt barn som pårørande, kva mogelegheiter dei opplever å ha, kva erfaringar, kjennskap, haldningar og tankar dei har rundt tenestene si plikt til å kartlegge, informere og fylgje opp barna. Sidan fleire kommunar no har tatt BTI-modellen i bruk, ønsker eg også gjennom studien å utforske om modellen kan gje betre oppfølging av barn som pårørande.
Metode
Fokusgruppeintervjuer og eitt individuelt intervju