Manuelle ferdigheiter og auditiv kvitt brus
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Mars 2013 - April 2014
Prosjektsamandrag
Barn med dårleg handskrift har gjerne svak finmotorikk (Smits-Engelsman et al. 2001). Funn tyder på at barn med merksemdsproblem har finmotoriske vanskar (f ex Williams et al. 2012) noko som og er funne i ein rottemodell av ADHD (eg Qian 2010). Barn med merksemdsvanskar har gjennom bruk av methylphenidate vist at dei kan betre både kognitive og motoriske ferdigheiter (Stray, Stray, Iversen, Ruud, & Ellertsen, 2009). Eit tidlegare studie har vår gruppe vist at kvitt brus forbetrar barn med merksemsvanskar sine kognitive ferdigheiter (Söderlund et al. 2007; 2010). I dette studiet vil vi sjå i kva grad kvitt brus kan stimulere barn på ulike nivå si læring av finmotoriske ferdigheiter. 160 barn skal screenast med eit Lærarvurderingsskjema (Söderlund et al. 2010) og på subtest Manual Dexterity frå Movement ABC2 (Henderson, Sugden & Barnett 2007)for å skape baseline for så å kunne teste Flower Trail (Henderson & Sugden 1992) med 15 repetisjonar der avhengig variabel vert tid og tal feil.