Fysisk aktivitet og oppmerksomhetsvanskar
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Januar 2021 - Juni 2022
Prosjektsamandrag
Eg ønskjer å skrive ei oppgåve som er i skjæringspunktet mellom idrettsvitenskapen og det spesialpedagogiske fagfeltet. I skulen i dag er ADHD ei vanleg diagnose hjå barn, og endå fleire barn har konsentrasjonsvanskar utan å ha ei ADHD diagnose. Tilpassa opplæring er eit sentralt prinsipp i dagens skule, men som lærar eller spesialpedagog kan det vere utfordrande å tilpasse undervisninga til denne gruppa. Eg ønskjer gjennom denne oppgåva å gi elevar systematiske pauser med fysisk aktivitet og motoriske oppgåver når elevane måtte ha behov for dette. Målet med desse pausene er at elevane skal klare å konsentrere seg betre i etterkant av gjennomføringa av øvingane, og på den måten få betre arbeidsflyt gjennom skuledagen. For at eit slikt prosjekt skal vere mogleg å gjennomføre i skulen tenkjer eg å planlegge ei pilotstudie. Det vil i hovudsak vere ei kvalitativ studie, der eg i ettertid intervjuer elevar og lærarar knytt til deira oppleving av kva påverknad pausene med fysisk aktive oppgåver påverkar konsentrasjonen. Grunna utfordringar knytt til rekruttering som oppstår på grunn av corona inkluderer eg elevar frå 5. klasse til og med 3.klasse på vidaregåande. Eg skal lage ulike øvingar og deretter lære vekk øvingane som skal vere enkle å gjennomføre for ein lærar og eventuell assistent gjennom vanleg undervisning, eller som elevane sjølv kan gjennomføre og logge dersom dei er modne nok til dette. Funna som blir gjort i dette prosjektet kan bli interessant for vidare forsking på området. Kanskje kan den også vere nyttig for skular, og lærarar i skulen, som har elevar med oppmerksomhetsvansker. Denne forskinga kan og bli relevant for Høgskulen på Vestlandet, som utdannar nye lærarar, og kan vere med å belyse eit tema som ikkje er i fokus i dagens opplæring av framtidige lærarar. For å besvare problemstillinga skal det gjennomførast ei pilotstudie. Gjennom eit eksplorerande design får vi viktige kvalitative data om eit fenomen. Resultata vil ikkje kunne generaliserast, då dei ikkje byggjer på eit representativt utval eller kvantitative data, men kan vere nyttig i forhold til vidare forsking Det vil bli utdelt ei loggbok til kvar av lærarane før intervensjonen blir sett i gong. Lærarane skal 1 veke før elevane byrjar med øvingane krysse av på eit par spørsmål knytt til motorisk uro og konsentrasjon. Dette blir fylt ut etter kvar time. Ein pre-test vil bli gjort i veka før øvingane blir implementert, og likeins vil ein post- test bli gjort i veka etter øvingane blir gjennomført. Intervensjonens varighet vil vere 3 veker, og prosjektets varighet vil då bli 5 veker i skulen. I ettertid vil eg stille lærar og elevar nokre oppfølgingsspørsmål, for å innhente kvalitative data knytt til opplevinga av prosjektet
Metode
Kvantitative analysemetoder, Kvalitative analysemetoder