«Frå fagarbeidar til ingeniør på ein hybrid læringsarena - Ei fleksibel og berekraftig ingeniørutdanning for industri i omstilling"

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Pedagogisk utviklingsarbeid

Prosjektperiode

August 2020 - Juni 2023

Prosjektsamandrag

Prosjektet skal utvikla og gjennomføra ei fleksibel samlingsbasert deltidsutdanning der størstedelen av utdanninga skjer via nett og der fagskuleingeniører frå heile landet vil få anledning til å vidareutdanna seg til ingeniør samtidig som dei er i arbeid. Studietilbodet dekkjer behov knytt til teknologi og berekraftig omstilling. Studiet vil blant anna gi kompetansar som omstillingsevne og entreprenørskap/innovasjon.Det skal gjennomførast aktivitetar for å skapa ei felles forståing for kva som vert krevd for å få aksept hos faglærarar og studentgruppa for nye undervisnings-og læringsmetodar. Videreføring av prosjektresultat intern ved fakultetet vil inngå i fakultetet sitt strategiske arbeid med studentaktive og fleksible læringsaktivitetar tilrettelagt for desentralisert utdanning. På denne måten vert prosjektet kopla til fakultetet sitt systematiske arbeid med utdanningskvalitet