Utvikling av eit nett-og samlingsbasert realfagskurs for fagskuleingeniørar

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Faglig utviklingsarbeid

Prosjektperiode

August 2021 - Juli 2023

Prosjektsamandrag

Dette prosjektet rettar seg mot overgangsordningar mellom høgare yrkesfagleg utdanning og universitet eller høgskular. HVL samarbeider med tre fagskular om eit prosjekt som fokuserer på overgangmellom høgare yrkesfagleg utdanning og ingeniørutdanning, der ein legg til rette for eit skreddarsydd studieprogram for kandidatar med bakgrunn frå 2-årig fagskule der dei får 60 studiepoeng fritak. I dette arbeidet har me sett at det er ein faktor som er svært styrande for studentar som har høgare yrkesfaglegutdanning og vil inn i ingeniørutdanninga. Det dreier seg om det spesifikke opptakskravet i realfag, og dette ønskjer me å no å leggje betre til rette for.Gjennom dette nye prosjektet vil me utvikle eit fleksibelt realfagskurs for kandidatar som har gjennomført teknisk fagskuleutdanning og som ønskjer å gå vidare med ei ingeniørutdanning parallelt med arbeid.Her trengst forutsigbarhet, kvalitet og fleksibilitet for studentar, bedrifter, fagskule og høgskule. Kurset er også ope for studentar som vil friske opp deler av realfagskompetansen. Det kan særleg vere aktuelt for personar som er i jobb og gjennomførte tidlegare utdanning for ei tid tilbake.

 

I prosjektet vil teste ut eit nettstøtta desentralisert «pilotkurs». Vidare vil me fokusere på at kurset er godt pedagogisk tilrettelagt slik at studentane oppnår ei god læringskjensle og har eit godt utgangspunkt for å gå inn i høgare utdanning. Til slutt er det viktig at HVL finn ei form på dette realfagskurset saman med dei to fagskulane i prosjektet slik at me kvart år kan tilby dette kurset.Prosjektet er delt inn i arbeidspakkar med god involvering frå samarbeidande fagskular, bedrifter ogstudentar.Resultatet frå prosjektet er viktig med tanke på høgskulen sitt strategiske arbeid med utdanningskvalitet itillegg til livslang læring og desentralisert og fleksibel utdanning.