Forvaltningsrevisjon og lokaldemokrati

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Grunnforsking

Prosjektperiode

Juni 2023 - Juni 2025

Prosjektsamandrag

Norske kommunar og fylkeskommunar er lovpålagde å gjennomføre forvaltningsrevisjon (Kommuneloven, 2020 § 23-2), definert som ei uavhengig, systematisk vurdering av økonomi, produktivitet, regeletterleving, målinnfriing og verknader heldt opp mot kommunestyret sine vedtak (Kommuneloven, 2020 § 23-3). Forvaltningsrevisjonane skal gjennomførast av kommunen sin revisor på oppdrag frå det kommunale kontrollutvalet. Kvart forvaltningsrevisjonsprosjekt blir i regelen gjennomført med utgangspunkt i ein politisk vedteke plan for forvaltningsrevisjon. For å sikre at forvaltningsrevisjonane fokuserer på dei viktigaste områda, byggjer denne planen på ein overordna risiko- og vesentleganalyse av den kommunale verksemda.

Forvaltningsrevisjon er ein sentral komponent i den folkevalde eigenkontrollen, og har fleire formål: Forvaltningsrevisjon skal (1) bidra til å gje kommunestyret tryggleik for at kommunen når dei mål som er sett, (2) sikre openheit om den kommunale forvaltninga og tenesteytinga for ålmenta, (3) gje ålmenta tryggleik for at det er kontroll med forvaltninga, at kommunen leverer tenester av god kvalitet, og at offentlege midlar blir forvalta på ein god måte, og (4) bidra til læring og forbetring i den kommunale verksemda.

Avhengig av fokus og innretting, kan forvaltningsrevisjon bidra til mellom anna avdekke dårleg ressursbruk, låg effektivitet, regelbrot, manglande målinnfriing, og/eller manglande oppfølging av kommunestyret sine vedtak innanfor heile den kommunale forvaltninga og tenesteytinga. Resultata frå forvaltningsrevisjonane kan slik vere viktige i korrigerings- og forbetringsarbeidet i kommunal sektor.

Årleg blir det brukt fleire hundre millionar kronar på å gjennomføre hundretals forvaltningsrevisjonar i kommunal sektor (NKRF, 2023; SSB, 2023).

Til tross for ressursane som blir nytta til forvaltningsrevisjon, den store mengden forvaltningsrevisjonar som blir produsert, og den viktige og positive effekten forvaltningsrevisjonane er meint å ha for kommunal forvaltning og tenesteyting, er forvaltningsrevisjon i kommunal sektor understudert, og det er lite trygg kunnskap på området.

Ein veit t.d. lite om korleis forvaltningsrevisjonar i praksis blir handsama av kommunestyra. Er dei gjenstand for reell politisk sakshandsaming? Eller er kommunestyra si handsaming for sandpåstrøing å rekne, slik at tilrådingane frå revisor i praksis blir vedtekne utan å vere gjenstand for politiske vurderingar og prioriteringar?

Vidare veit ein lite om forvaltningsrevisjonane har eit fokus og ei innretting som er eigna til å oppfylle formåla. Er forvaltningsrevisjonane innretta på ein slik måte at dei er eigna til å svare på dei spørsmåla som blir stilt? Kor treffsikre er dei?

Heller ikkje oppfølginga av forvaltningsrevisjonar veit ein særleg mykje om. Korleis og i kva grad blir forvaltningsrevisjonane følgt opp av kommuneadministrasjonen? Kva effekt har forvaltningsrevisjonane for å motverke dårleg ressursbruk, låg effektivitet, regelbrot, manglande målinnfriing, og/eller manglande oppfølging av kommunestyret sine vedtak?

I dette forskingsprosjektet vil vi undersøkje slike problemstillingar (og fleire til), og gjennom det bidra med ny og viktig kunnskap knytt til forvaltningsrevisjon og lokaldemokrati.

Referansar:

Kommuneloven. (2020). Lov om kommuner og fylkeskommuner (LOV-2018-06-22-83). Kommunal- og distriktsdepartementet. https://lovdata.no/pro/#document/NL/lov/2018-06-22-83

NKRF. (2023). Forvaltningsrevisjonsregisteret [Excel]. https://www.nkrf.no/forvaltningsrevisjonsregisteret

SSB. (2023). Utgifter til tjenesteområdene, kommunekonsern, etter region, funksjon, art, statistikkvariabel og år. Statistikkbanken (Nr. 12362, funksjon 110) [JSON]. https://www.ssb.no/statbank/table/12362/

Metode

Dokumentanalyse, videoanalyse.