Vacummadrass som hypotermiførebyggjande tiltak ved kirurgi
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Oktober 2023 - Desember 2024
Prosjektsamandrag
Dette er ei masteroppgåve. Vi vil undersøke kva effekt bruk av vakummadrass har på peroperativ temperaturfall/utvikling hjå pasientar som gjennomgår elektiv laparoskopisk kirurgi. Målet med prosjektet er å samle data om den peroperativ temperaturutvikling til operasjonspasientar som gjennomgår elektiv laparoskopisk kirurgi. Hensikta er å undersøke kva effekt bruk av vakummadrass har. Deltakarane er pasientar mellom 18 og 60 år. Pasientar som gjennomgår kreftkirurgi er utelatt frå prosjektet. Dette er ein kvantitativ pilotstudie der vi ser for oss 50 personar i intervensjonsgruppa og 50 personar i kontrollgruppa. Data vil vil samle inn er temperatur til pasient før operasjonsstart og kvart 15. min under operasjonen. Målingane utførast non-invasivt. Litteratur viser at kjønn, KMI, alder, peroperativ intravenøs væsketilførsel, total anestesitid og operasjonstid spelar inn på utvikling av hypotermi, difor vil vi òg samle desse dataene. Nytteverdien er auka kunnskap om hypotermiforebygging.
Metode
Kvantitative analysemetoder