Heilskapleg oppfølging kring ungdom i Nav
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
Mars 2023 - Juli 2026
Prosjektsamandrag
Samandrag Prosjektet Heilskapleg oppfølging av utsette ungdommar med behov for situasjonsbestemt og spesielt tilpassa innsats i NAV er utforma som ein to-trinns kvalitativ studie. Målet er å utvikle lokal kunnskap om korleis NAV kan tilby meir heilskaplege og koordinerte tenester til ungdom i sårbare livssituasjonar. Metode og design: I trinn ein vart det gjennomført to fokusgrupper: (1) ungdom (22–30 år) med behov for situasjonsbestemt eller spesielt tilpassa innsats, og (2) NAV-tilsette som arbeider med denne gruppa. Rekruttering skjedde i samarbeid med NAV region Sogn, som òg bidrog i utforming av forskingsspørsmål og gav innspel til intervjuguiden. Datamaterialet vart analysert med Braun & Clarke sin tematiske analyse i seks fasar, med induktiv tilnærming. Etter innsamling og analyse av førebelse funn vart resultata lagt fram og drøfta i to separate workshopar: éin med tilsette, der funn frå både ungdom og tilsette vart presentert, og éin med fire av ungdommane, der dei fekk kommentere på førebelse funn frå begge gruppene. I tillegg vart funna presentert for NAV-tilsette i region Sogn i desember 2024. Funn: Ungdommane rapporterer om samansette helseutfordringar, vanskeleg tilgjenge til eit fragmentert system, og eit sterkt behov for tillitsfulle relasjonar til rettleiarar. Dei tilsette skildrar ungdomsgruppa som heterogen, frå svært motiverte til dei med store utfordringar, og peikar på at helseproblem og lite arbeidserfaring er vanleg. Begge gruppene framhevar behovet for tilpassa forventingar, tillit, kontinuitet og heilskapleg støtte. Samstundes peikar dei på utfordringar som avgrensa ressursar, fragmenterte tenester og eit gap mellom politiske mål og kvardagspraksis. Trinn to skal utviklast saman med NAV, med mål om å planleggje og prøve ut praksisendringar basert på desse funna. Etikk: Studien er meldt til og godkjend av SIKT. Alle deltakarar har gitt skriftleg samtykke, og anonymitet og konfidensialitet er ivaretekne.