Heilskapleg oppfølging kring ungdom i Nav

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Mars 2023 - Juli 2026

Prosjektsamandrag

Formålet med prosjektet Heilskapleg oppfølging kring utsette ungdommar med behov for situasjonsbestemt og spesielt tilpassa innsats i NAV er å utvikle lokal kunnskap som kan bidra til auka kunnskap om korleis NAV kan gje heilskaplege tenester til ungdom. Med bakgrunn i NAV sitt nasjonale hovudmål er det sentralt å undersøkje korleis NAV lokalt kan nå dei nasjonale måla gjennom heilskapleg oppfølging kring ungdommar med situasjonsbestemt. For at kvar einskild region skal lykkast med dette er det avgjerande å ha lokale kunnskap om kva ungdommane og tilsette opplever som god oppfølging. Dette prosjektet har som mål å bidra til å utvikle denne kunnskapen, og å utforska nye former for samhandling i ungdomsteam. I prosjektet vil vi drøfte spørsmål om kva som er god oppfølging av ungdommane sine behov i møte med NAV ungdomsteam, og kva som er dei mest sentrale utfordringane i oppfølginga av ungdom i lokale NAV kontor?