The core of caring when encountering people suffering from substance use disorder and/or mental health illness
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
Januar 2022 - Desember 2029
Finansieringskjelder
HVL
Prosjektsamandrag
Ruslidingar utgjer eit betydeleg folkehelseproblem. Mange personar med ruslidingar lever med komplekse og alvorlege helseutfordringar, og møter stigma. Helsepersonell som yter omsorg og behandling til denne gruppa, kan oppleve frustrasjon, maktesløyse og bekymring både for pasientane sin situasjon og for eiga tryggleik. Prosjektet er todelt. Den første delen rettar seg mot menneske med rusliding og deira erfaringar med omsorg, der hensikten er å få ei djupare forståing for ruslidande sine opplevingar av korleis omsorg og mangel på omsorg frå helsepersonell kan komma til uttrykk og vidare, kva disse opplevingane kan medføra. Den andre delen rettar seg mot kva verdiar helsepersonell legg til grunn i omsorga for personar med ruslidingar, og korleis dei prøver å uttrykkje og praktisere desse verdiane i møte med pasientane, og vidare, korleis helsepersonell forstår samanhengen mellom ivaretaking av seg sjølve og omsorga dei gir til personar med ruslidingar.