Referansemateriale for styrke og dynamisk stabilitet i kne, for samanlikning med kneopererte

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

August 2025 - Desember 2029

Prosjektsamandrag

Formålet med dette prosjektet er å gjennomføra testing av muskelstyrke og dynamisk stabilitet i kne på personar utan kneskadar for å laga eit referansemateriale som kan nyttast av klinikarar ved testing av personar som skal tilbake til idrett/aktivitet etter kneoperasjon (til dømes korsbandsrekonstruksjon og operasjon for patellar instabilitet). Det er usikkerheit rundt bruken av uopererte bein som samanlikning med det opererte, då dette beinet også blir svakere etter rehabiliteringsperioden. Eit referansemateriale vil vera nyttig for å få ein peikepinn på kva som er normal styrke og dynamisk knestabilitet i ulike alderstrinn (frå 18-35 år). Data som vil bli samla inn: testresultat (isokinetisk styrke i quadriceps og hamstrings og 4 hinketestar som eit mål på dynamisk stabilitet), kjønn, alder, høgd, vekt, aktivitetsnivå og dominant bein.

Metode

Kvantitative analysemetoder