COIL som læringsarena i vernepleieutdanninga
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Grunnforskning
Pedagogisk utviklingsarbeid
Prosjektperiode
Februar 2026 - Desember 2028
Prosjektsamandrag
COIL (Collaborative Online International Learning) er ein digital og pedagogisk samarbeidsform der studentar frå ulike land arbeider saman i strukturerte, faglege læringsaktivitetar (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, 2025). COIL er i aukande grad nytta for å internasjonalisere utdanninga og leggje til rette for både fagleg innhald og interkulturell læring gjennom samarbeid mellom studentar (Hackett mfl., 2023). Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) deltek vernepleiestudentar (3. studieår) for første gong i COIL-prosjekt saman med studentar frå vernepleie ved Høgskulen i Molde, og studentar frå sosialt arbeid ved universitet i Sør-Afrika, Tyskland og Nederland. COIL er etablert som metode ved InHolland University i Nederland, som er vertskap for COIL-samarbeidet våre studentar deltek i. Dei har nytta COIL som samarbeidsform for sosialfaglege studentar på tvers av landegrenser i nokre år allereie, men HVL sine studentar deltek i 2026 for første gong. Tematikken for årets COIL-forløp er sexually transgressive behaviour (STB) – eit fagleg komplekst og praksisnært felt for framtidige vernepleiarar. HVL ønskjer å hente erfaringsdata som grunnlag for vidare utvikling av COIL som pedagogisk metode i vernepleierutdanninga. Prosjektet vil undersøke korleis deltaking i COIL bidreg til fagleg utvikling, interkulturell kompetanse og forståing av STB som profesjonsrelevant tema.