Personlege eigenskaper i psykisk helseutdanning

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Februar 2026 - Januar 2027

Prosjektsamandrag

Korleis vurderes masterstudenter i klinisk praksis, knytt til personlege eigenskaper? Arbeide vidare med funna frå: "Assessing advanced practicing nursing students' personal requirements in clinical placement: A scoping review". Me skal ein kvalitativ studie, ute i praksisfeltet, med intervju av dei som vurderer studentane. Individuelle intervju eller fokusgruppeintervju. Me ønskjer mellom anna å utforska vurderingsmetodane, kva eigenskaper vert vurdert som viktige. Det vert jobba med prosjektplan, intervjuguide med meir. Kva og kvar er kunnskapshulla. Kva informasjon er me ute etter. Korleis vert dei personlige eigenskapane faktisk vurdert. Frå august 2024, vart forskrifta for skikkaheit også gjeldande for master og vidareutdanningar innanfor sjukepleie. Dette vil sei at dei vert løpande skikkahetsvurdert gjennom heile utdanninga, og er dermed også noko masterstudentane skal vurderas etter når dei er i praksis. Kva vil dette sei, og korleis forheld ein seg til det i praksisfeltet. I første omgang, tenker me at studien skal ha fokus på psykisk helse og praksisfeltet der. Vurdering av studenter på masternivå, knytt til dei personlige eigenskapane hos studentane. Årsaken til valg av det fagfeltet, er at reviewen ikkje har med noko frå psykisk helsefeltet. I dette fagfeltet er det ikkje prosedyrer og ferdigheter som har eit sterkt fokus, men personlige eigenskaper og evna til å mellom anna bygge relasjoner til pasientane, er særdeles viktig.