Kommunal tverrfagleg praksis for betre medverknad og samhandling med born og unge - Offentleg ph.d.

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

September 2022 - Oktober 2026

Finansieringskjelder

NFR

Prosjektsamandrag

Hausten 2027skal det står klar ein ny 1- 7 skule i ein middels stor norsk kommune. Samskaping, som er ein av kommunen sine kjerneverdiar skal vera ein sentral del av den offentlege prosessen knytt til planlegginga av skulen. Gjennom eit aksjonsforskingsretta design skal det leggast til rette for samskaping med dei ulike interessentane i utbygginga. Skuleelevane er ein av interessentane som skal vera med i utviklinga av planar/teikningar av den nye skulen. Føremålet med Ph.d. -prosjektet, er å undersøka korleis samskapinga mellom elevane og dei andre interessentane føregår og bidreg til innovasjon og berekraft. Når det gjeld skuleutbygging så er det ei utfordring å skapa innovative og berekraftige skular i eit utdanningssystem som er i stadig endring. Det krev fleksible og tilpassingsdyktige skulebygg som vert utvikla gjennom dialog mellom designarar, elevar og pedagogar (Rokhshid, 2020). Samskaping er kjenneteikna ved aktiv involvering av borgarar basert på partnarskap og felles ansvar mellom det offentlege og borgarar. Den «alminnelege» borgar har verdfull kunnskap som kan bidra til å utvikla kvaliteten i offentlege tenester (Voorberg et al., 2015). I den samanheng har barn og unge, til liks med vaksne, rett til å bli høyrt og medverka i avgjersler som gjeld dei sjølve, no og i framtida (Barnekonvensjonen; Grunnlova, §§ 105, 109, Plan og bygningslova, 2008 § 5-1, Opplæringslova, 1998, §§ 1,1 2.3). I den overordna delen av læreplanverket for grunnskulen vert det også framheva at elevar skal få kompetanse i demokrati, medborgarskap og berekraftig utvikling (Kunnskapsdepartementet, 2020). Ph.d.-prosjektet er utforma som eit aksjonsforskingsprosjekt der eg er aksjonsforskar og elevar i lag med andre medforskarar vil utgjera forskingsgruppa i prosjektet. Forskargruppa skal skape kunnskap om samskaping med barn og unge og deira evne og moglegheit til å bidra til innovative og berekraftige skular i tråd med fleire av FN sine berekraftsmål som 3.god helse og livskvalitet, 4. god utdanning, 5 likestilling mellom kjønna, 11.berekraftige byar og lokalsamfunn, 13.stoppe klimaendringane, 17. samarbeid for å nå måla (FN, 2015).