Sjølvprodusert opera i skulen.
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Prosjektperiode
September 1998 - Mars 1999
Prosjektsamandrag
"Write an Opera" er etterkvart eit kjent prosjekt i grunnskular og musikkskular i Norge. Kurshaldarar frå undervisningsavdelinga ve Royal Opera House i London kjem til Norge og held kurs for lærarar, eller ein kan reise til England og ta del i både level 1, 2 og 3 av kurset. Eg deltok i kurset i 1998 i regi av Stord musikk- og kulturskule og Høgskulen Stord/Haugesund. Eg kopla meg så til dei to klassestyrarane for 7b ved Tjødnalio skule på Stord, Anne Loe og Odd Bjørn Rånes. Hausten '98 tok vi til med grunnleggand trening i drama, komposisjon og design. Vi arbeidde t.d. i fleire fag med personlegdomskarakteristikkar. Elevane valde eit tema dei interesserte seg for, og formulerte ei problemstilling: "Kan born av foreldre som står på kvar siside av ei krigskonflikt framleis vere venner?" Utifrå assosiasjonar til denne formuleringa, improviserte dei over fem scener. Desse sette vi faktisk saman til fabelen (grunnhistoria)i stykket. Dei skapte rollene ved ei tilfeldig oppramsing av adjektiv for personlegdomstrekk fordelt på 8 hovudpersonar, og tid og stad vart Hitler-Tyskland 1939, og jødeproblematikken var essensen i konfliktstoffet. No vart operakompaniet "Sju-be-du" etablert, og kvar ein fekk si arbeidsoppgåve, alt frå PR, lys, musikk og økonomi. Vi tre lærarane hadde ansvar for kvar våre felt, men målet var at elevane skulle eige prosjektet og stå for alle viktige val. Eit bomberom vart omskapt til ei aveny-scene, og kulisser vart snekra og malte. Alle replikkar vart sunge (resitativ), og alle songar var komponerte av elevane. Premiera var i v. 11, etter tre intense veker med oppløyst undervisning. Dei hadde to skuleframsyningar og fire opne kveldsframsyningar, og responsen var flott. Elevane var stolte over dei dei hadde laga, og over prestasjonane sine!Fyldig rapport finst i biblioteket på Landås, Høgskolen I Bergen, eller hos Åge Vallestad, Stord musikk- og kulturskule.