Arne Garborg og nasjonal identitetsdanning
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Prosjektperiode
April 1994 - Desember 2005
Prosjektsamandrag
«Arne Garborg og nasjonal identitetsdanning» – er eit delprosjekt av det avslutta KULT-prosjektet «Uviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet» (prosjektnr. 102102/520) knytta til Institutt for kultur- og samfunnsfag og Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Oslo. Fellesprosjektet hadde bl a som overordna problemstilling å kartlegge korleis og i kva grad den norske nasjonale identiteten bleiforma av ein elite, undersøke spreiinga av identiteten og klarlegge brytninga mellom heimlege tradisjonar og impulsar utanfrå. Mitt delprosjekt har som føremål å klargjere ulike sider ved Arne Garborg som sentral aktør i formingsprosessen av ein norsknasjonal identitet frå 1870-års fram mot 1905. Denne granskinga tar for seg både politiske, kulturhistoriske og -filosofiske aspekt ved nasjonalitetsoppfatninga til Garborg og den rolle han i teori og praksis spela i høve til dei språklege, litterære og pedagogiske institusjonane. I tillegg til Garborgs spesielle rolle som formidlar, står arbeidet med identitetsteori sentralt.