Young IDEA - eit ungt fleirkulturelt teatertreff
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Prosjektperiode
August 1998 - Juni 2002
Prosjektsamandrag
IDEA står for International Drama/theatre and Education Assocoation, og held verdskongressar kvart tredje år. Ved IDEA sin verdskongress i Australia, 1995, vart det gjort eit forsøk med å engasjere dei unge deltakarane ved å arrangere felles teaterøkter og produksjon av teaterforestilling, under sjølve kongressen. Dette vart vidareført i Kenya i 1998 som Young IDEA, men pga begrensa midlar, nådde ein ikkje mange av intensjonane. Difor fekk Young IDEA ei eiga arbeidsgruppe i hovudkommiteen for IDEA 2001 i Bergen. Som prosjektleiar skulle eg utvikle Young IDEA til å bli eit sjølvstendig, kunstnarleg og sosialt prosjekt for unge teaterfolk under kongress-paraplyen. Dei unge si stemme skulle få komme til orde i organisasjonen. Dei fekk difor tilsendt ei felles scenisk oppgåve kring kulturell identitet og velferd, konkret knytt til to av FN sine menneskerettar. Denne forestillinga skulle dei syne for kvarandre i Bergen. I tillegg skulle nytt materiale utarbeidast under kongressveka. Ein profesjonell teaterinstruktør, Kjetil Skøien, var kunstnarleg leiar for arbeidet, og dei 11 leiarane som fylgde gruppene, fekk også vere med og leie delar av arbeidet. Saman laga dei så ei ny forestilling, kalla "Avhengigheit", for kongressen sin avslutningsseremoni i Grieghallen. Den norske teatergruppa Teater Ung frå Bergen var med og gjennomførte eit stort sosialt program, noko som vart svært viktig for innsikt og forståing kulturane imellom. Dei unge tok også del i det generelle programmet til kongressen, somopningsseremonien, teaterfestivalen og studentteaterfestivalen. Vidare arbeid går ut på å opprette ein felles nettstad for Young IDEA, der gruppene kan halde ved like kontakten; invitere kvarandre til sine nasjonale seminar o.l., og utvikle Young IDEA vidare som eit viktig forum for unge teaterrøyster innan IDEA-organisasjonen.