Marsj i egen takt
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Prosjektperiode
April 2003 - Mai 2003
Prosjektsamandrag
Dansen er ei mini-forestilling om å å gå sine eigne vegar og finne si eiga uttrykksform. Klovnen i stykket elskar marsj, og møter opp for å sjå ei parade. Undervegs får klovnen lyst til å vere med sjølv, og bed generalen (ei militærunniform opphengt på ein stumtenar) om å få vere med og marsjere. Det får ho lov til, og frydar seg stort over rytmene og takta i marsjen, og tek etterkvart heilt av i eigne akrobatiske påfunn til musikken. Då vert ho bryskt stoppa av generalen, som kommanderer ho ut av paraden. Klovnen er både djupt skuffa og fornerma, og etter litt snik ho seg inn att i paraden, no i stram marsj som dei andre, for å lure generalen. Men ho vert oppdaga, og stoppa på nytt. No nektar ho å innordne seg, og trassar alle påbod frå generalen, finn sin eigen stad å danse, og utfaldar seg i vill danseglede og eksperimenterande uttrykk.