Korleis er vilkåra for utvikling av kreativitet i skulen i dag?
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Prosjektperiode
August 2004 - Juni 2006
Prosjektsamandrag
Prosjektet er ein del av eit større FOU-prosjekt med tittelen "Hva foregår i musikkfaget i grunnskolen?" leia av førstelektor Eiliv Olsen. Min del av prosjektet tar sikte på å klarlegga noko om vekstvilkår for kreativitet i den norske skulen, og går dermed ut over musikkfaget. Eg vil i første omgang konsentrera meg om ein skule og ha muligheten åpen for ei seinare utviding til fleire skular. Prosjektet tar utgangspunkt i ei oppfatning av kreativitet og konformitet som motsetnader, og eg har som mål å undersøka kva slag kreativitet som (eventuelt) blir stimulert i skulekvardagen.