Kunstfagdidaktikk
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for kunstfag
Prosjekttype
Bidragsprosjekt
Prosjektperiode
Januar 2004 - Desember 2007
Prosjektsamandrag
'Kunstfagdidaktikk' vil utforske aspekt ved ulike kunstfag - kunst og handverk, drama, dans, musikk, norsk (litteratur) sine didaktiske register, og slik utvikle (ein) didaktikk på desse fagas eigne premiss. Det plasserer seg mellom tradisjonell didaktisk forsking, og forsking i ulike kunstfag ved å vere både estetisk-retorisk og vitskapsfilosofisk orientert. Prosjektet studerer gjennom ulike delprosjekt konkrete kunstfaglege praksisar - utstilling, ulike dramafaglege former, dans framstilt i ny teknologi, musikal som didaktisk form, musikk i intermediale medier, opplesing som tolkande aktivitet - og kombinasjonsr av slike praksisar, og spør etter desse praksisane sine didaktiske former og potensiale. I tillegg, og som eit metaperspektiv, problematiserer prosjektet kunstfagavhandlinga som skriftform. Teoriramma er den klassisk-retoriske tradisjonen i møte med utfordringar frå nyare språkfilosofi, estetisk teori og hermeneutikk, særleg slik dette er utvikla i dr.avhandlinga Det didaktiske rommet (Nyrnes 2002). Prosjektet blir formidla gjennom lengre og kortare vitskaplege skriftformer, delvis også i kombinasjon med kunstfagas eigne formuttrykk. Prosjektet inkluderer ei stipendiatstilling: Goga, Nina: Argumentasjon og samtale i nyere norsk essayistikk for barn og ungdom.