Opplesing av poetiske tekstar som tolkingsform og retorisk kommunikasjon
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Prosjektperiode
August 2008 - August 2015
Prosjektsamandrag
Formålet med prosjektet er å kome fram til grunnføresetnadene for eit gyldig opplesingsspråk. Det vil seie eit språk som bygger på det enkelte diktets metriske og rytmiske vilkår, men som òg demonstrerer den retoriske viljen til å prege teksten med sitt eige tidslege uttrykk. Eit kriterium på den kunstnariske kvaliteten i ein poetisk tekst, er musikalitet. Sentralt i dette prosjektet er beskrivelsen av rytmiske og klanglege forhold i tekst og tale - i lys av begrepa 'prosodia' og 'recitatio'. Det prosodiske og retoriske registret i tekstane innverkar på opplesinga (resitasjonen) av dei, men utan at det blir eit "ein-til-ein-forhold" mellom prosodiske element i skrifttekst og i opplesing. Opplesarens tolking og retoriske val i opplesingssituasjonen, påverkar lesemåten. Det blir skapt ei spenning mellom måten han rytmiserer teksten på og tekstens fastlagte mønster. Det som blir undersøkt er altså sambandet mellom musikaliteten i tekst og opplesing ('realisering' av tekst). Kva er det prosodiske og retoriske registret i tekst og i tale, og korleis er dynamikken mellom dei to registra? Kva er prosodiens rolle i ein større retorisk samanheng som tar omsyn til diktets heile stil og til resitasjonen/opplesinga? Den etymologisk tydinga av 'lyrikk' er 'song til lyrespel' og viser diktets opphavlege samband med det talte og det musikalske. Tekst og tale/framføring høyrde saman. I lesepoesien er prosodien blitt til språk-og litteraturforskarens område, resitasjonen til skodespelarens. Spørsmålet er om det opprinnelege samspelet mellom prosodia og recitatio kan gjenopprettast og opne for ei meir direkte sansa erfaring av tekstars rytme og klang. Eit syn som pregar arbeidet, er at opplesing er ein veg til forståing. Opplesing er ei hermeneutisk handling der sjølve framføringsmåten kan gjenskape tekstane som einskap av innhald og form. Den kunnskapsteoretiske basen i arbeidet er retorikk, men óg tekstforståingsfilosofi (hermeneutikk) sidan desse er uløyseleg knytt til kvarandre; å forstå er å framstille. I tillegg blir det trekt inn andre epistemologiske og metodiske perspektiv, bl.a. semiologien. Formålet er å utforske det som skjer av hermeneutiske prosessar når opplesaren tolkar tekst og gjer sine retoriske val før og under framføringa - og kva for estetisk verknad desse vala har.