Ein sosiokulturell analyse av meiningsdanning i lokalt rusarbeid

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for velferd og deltaking

Prosjekttype

Ph.d.-prosjekt

Prosjektperiode

August 2011 - August 2015

Prosjektsamandrag

I dette doktorgradsarbeidet vil eg gjennom eit sosiokulturelt perspektiv sjå historiske, sosiale og kulturelle forhold i samanheng med korleis brukarar med rusvanskar vert forstått og møtt av tilsetje i NAV. Den overordna problemstillinga for studien er: Kva diskursar snakkar og handlar dei tilsetje innafor, og kva klient- og hjelparposisjonar er tilgjengelege i dei diskursane som vert analysert fram? Føremålet er å analysere fram rørsle og ulikskap i korleis tilsetje snakkar og handlar og slik medverke til auka kunnskap om korleis profesjonsutøvarar vekslar mellom ulike diskursar. Ved å analysere fram mangfaldet av posisjonar dei profesjonelle kan ha, vil eg søkje å løfte fram noko av det komplekse, dynamiske og motsetnadsfylte i profesjonsutøving. Slik vil prosjektet kunne utvide kunnskapsgrunnlaget for profesjonelle i helse- og sosial- tenestene si samhandling med brukarar med rusvanskar. Det empiriske materialet er gjentekne forteljingsfokuserte intervju med tilsetje i NAV som samhandlar med brukarar med rusvanskar. Prosjektet er knytt til doktorgradsprogrammet "Sosialt arbeid og sosialpolitikk" ved HiOA, http://www.hioa.no/Studier/SAM/Ph.d/Sosialt-arbeid