Å bruke IPAD i barnehagen

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for kunstfag

Prosjektperiode

Januar 2012 - Juni 2012

Prosjektsamandrag

Arbeidstittel: IPAD i barnehage

IDE: Introdusere IPAD for ei gruppe 4 åringar og gjennomføre ulike IPAD aktivitetar med desse.

FORMÅL: Få erfaring med å bruke IPAD saman med born i skapande aktivitetar


SKILDRING/INNLEIING:

Prosjektet baserer seg på teoriar om mobil læring, intuitivitet samt læring i skapande og kreative prosessar.

Med bakgrunn i dette teoretiske fundamentet vil eg sjå på korleis ein kan nytte IPAD i barnehagen for å skape mobile miljø for læring som samstundes gir læring innanfor bruk av digitale verktøy.

Prosjektet har som formål å få erfaring med å bruke Ipad saman med born i kreative og skapande aktivitetar der borna er produsentar og dei vaksne er tekniske assistent, tilretteleggar og motivator. Eit anna formål er å prøve ut Ipad som eit verktøy for visuell læring.

Prosjektet nyttar både stasjonær læring og mobil læring der ein er ute i naturen og nytta Ipad som verktøy for skapande aktivitet. Prosjektet er delt inn i to mini- prosjekt. Det første mini-prosjektet er å lage ei digital bok om eventyret Bukkane bruse, her jobba borna over to samlingar med å laga illustrasjonar. Det andre mini- prosjektet er å lage visuell og tekstleg dokumentasjon av å studere vårteikn i naturen over tid.

ORGANISERING: ei gruppe 4 åringar, 1 pedagogisk leiar, 1 høgskulelektor.



SAMARBEIDSPARTNARAR: Henjahaugane barnehage og Hege Gjerde Sviggum, høgskulelektor, Høgskulen i Sogn og Fjordane


FORMIDLING AV RESULTAT/ PROSJEKTET/ERFARINGANE: Artikkel og ulike presentasjonar av prosjektet både vitskapleg og populærvitskapleg.

Metode

Mobil læring,loggskriving, samtale/intervju med pedagog i etterkant.