Tjødnalio II: leiken som grunnlag og motivasjon for norskfaglege aktivitetar på mellomsteget
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Prosjektperiode
Oktober 1998 - Juni 2002
Prosjektsamandrag
Det spesielle med prosjektet er at forskinga innafor feltet leik føregår på mellomsteget i grunnskulen, -ikkje på småskulesteget der stort sett all leikeforsking finn stad. Ved ein grunnskule studerer eg korleis kontinuerleg leik fram mot ungdomsskulealder fremjar lese- og skrivelyst/dugleik hos elevane. Elevane, som no går i 6. klassane har hatt leiekeopplegg som bevisst sosialiserings- og læringsmetode sidan dei starta i 1. klasse i 1995. Til vanleg sluttar elevane med slike opplegg når dei er ferdige med småskuletida. På Tjødnalio valde lærarteamet å halda fram med leiken, -elevane har i 6. klasse, etter eige ønskje, farmleis posten "leik" på vekeplanen. Saman med lærarteamet observerer eg korleis leiken påverkar elevane vidare i positiv retning når det gjeld norskfaglege aktivitetar på mellomteget. I løpet av 1998/99 og 1999/00, har eg gjort svært mange interessante observasjonar som eg meiner det er viktig å studera vidare. Eg har også i tillegg til å vera til stades i undevisninga, høve til å prøva ut fleire norskfaglege opplegg for å belysa dei problemstillingar eg har som grunnlag for FoU-arbeidet. Samstundes nyttar eg arbeidet til eksemplifisering i den undervisninga eg gir lærarstudentar i norskfaget ved høgskulen. Problemstillingar: Kan kontinuerleg leik i skulen fremja læring når det gjeld lesing og skriving, så vel som munnleg kommunikasjon også på mellomsteget i grunnskulen? Er det slik at leiken gir inspirasjon og motivasjon til munnleg og skriftleg kommunikasjon? Er det slik at litteratur gir inspirasjon og motivasjon til leik, som i sin tur gir ny inspirasjon og motivasjon til munnlege og