Kulturmøte og kulturbryting. Perspektiv på dagens barns møte med kulturskiftet i Noreg ca 950-1050
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
Prosjektperiode
Januar 1999 - Januar 2001
Prosjektsamandrag
Målet med prosjektet er å spørja i kva grad dagens barn opplever eit undervisningsopplegg om kulturskiftet i Noreg 950-1050 som eit fruktbart kulturmøte. Prosjektet er ein kasusstudie i to sjetteklassar ved ein grunnskule i Sunnhordland skuleåret 1998-1999. Det er valt ei kvalitativ tilnærming, med basis i Robert Yin sin forskingsstrategi, supplert med impulsar frå Grounded Theory. Materialet vert analysert i lys av den tyske kulturfilosofen Ernst Cassirer (1874-1945) sin teori om kulturens symbolske former, med vekt på myte/religion, historie og estetikk.