Utvikling og kvalitetsikring av norskfaget: eit samarbeid mellom HSH og Tjødnalio skule

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

Prosjektperiode

Januar 2004 - Januar 2006

Prosjektsamandrag

Me har som mål å utvikla reiskapar i norskfaget som: - sikrar kvaliteten i faget - skaper medvit hos elevane om læringsmål og læringsresultat - inkluderer dei ulike læringsstrategiane - synleggjer elevane sin bruk av læringsstrategiane - lettar kvalitetssikringa for lærarane - fungerer som informasjon for føresette - tek omsyn til progresjon og heilskap i faget - er til nytte i arbeidet med tilpassa opplæring - styrkar samanhengen mellom norskfaget i lærarutdanninga og faget i grunnskulen Tjødnalio skule har tidlegare samarbeidd med HSH om PLUTO- prosjektet. Som prosjekt vart PLUTO vurdert som vellukka. Overgangen frå prosjekt til drift vart problematisk. Heller få av prinsippa i prosjektet vart vidareført. Sidan Tjødnalio skule var sentral i prosjektet ønskjer me å vidareføra PLUTO- ideane m.o.t. læringsomgrep, bruk av IKT og praksisorganisering. Me trur og at det er trong for oppdatering av norskfaget og kvalitets- måling i faget i regionen. Me har difor og som mål å utvikla kurs- pakkar i regi av HSH og Tjødnalio skule.