Kompetanseutvikling for lærarutdannarar

Prosjekteigar

UiT Norges arktiske universitet

Prosjektperiode

Januar 2003 - Desember 2004

Prosjektsamandrag

Hovudmålsetjing med prosjektet er å leggja til rette nettbaserte læringsressursar som kan vera til nytte for lærarutdannarar som ønskjer å utvikla sin eigen kompetanse og forståing for IKT si rolle i lærarutdanninga, både som hjelpemiddel og som tema for forskingsarbeid. Desse ressursane skal kunna nyttast ved intern opplæring ved institusjonane, som lysark-seriar ved kursopplegg og/eller som individuell rettleiing med informasjon, artiklar, lenker for å finna fram til meir informasjon og lærestoff. Det er altså berre tale om å laga nettbaserte læringsressursar, ikkje å gjennomføra kurs og rettleiing for lærarutdannarane. Fordeling av arbeidsoppgåver mellom partnerane er gjort på grunnlag av avtalar og spesialitetar ved 4 institusjonar som skulle involverast i dei 2 delprosjekta som er definert slik: a. Forskingsmetodikk relatert til IKT, FMI, med spesiell vekt på klasseroms- og aksjons¬forsking i IKT-baserte læringsmiljø og utnytting av IKT som verktøy. Eit sentralt verktøy i så måte vil vera statistikk. b. Pedagogikk i open læring, PiOL, spesielt tilrettelagt for nettbaserte læringsmiljø i lærarutdanninga