Lokal og regional styring i eit institusjonelt perspektiv

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Handelshøgskulen HVL

Prosjekttype

Internt prosjekt

Prosjektperiode

September 2009 - Mai 2012

Prosjektsamandrag

Prosjektet søkjer å gje eit samlande perspektiv på lokal og regional styring, ved å analysere kommunar og fylkeskommunar som samfunnsinstitusjonar som skal fylle fleire roller. Dei er tenesteproduserande organisasjonar som leverer mange former for tenester til innbyggarane. Dei er lokale og regionale ledd i eit nasjonalt forvaltningsapparat. Dei har ei rolle som organ for demokratisk deltaking og politisk styring. Til sist er dei samfunnsutviklarar som samarbeider med andre aktørar om å forme utviklinga i lokalsamfunnet og regionen. Prosjektet analyserer styring og styringsformer rundt kvart av desse oppgåveområda, men også korleis dei på mange måtar grip inn i kvarandre. Det teoretiske perspektivet er nyinstitusjonell teori om organisering og styring.

Målet med prosjektet er å forstå lokal og regional styring.

  • Korleis verkar kommunar og fylkeskommunar som lokale og regionale styringsorgan?
  • Kva utfordringar står dei overfor, og korleis møter dei utfordringane?

Spørsmåla blir undersøkt i lys av tre dominerande forteljingar om utviklinga i offentleg sektor gjennom dei siste tiåra.

1) New Public Management, basert på styringsideal frå privat sektor, der fristilling av forvaltningseiningar og bruk av marknadsmekanismar har redusert omfanget av politisk detaljstyring.
2) Vending frå government til governance, eller frå styring gjennom byråkratiske reglar og hierarkiske kommandokjeder til samarbeid i nettverk.
3) Ein tett kontrollert og detaljstyrt effektueringskommune. Denne kommunen er i hovudsak ein reiskap for statleg politikk, med liten handlefridom.

Dei tre forteljingane gjev altså svært ulike bilde av utviklinga. Alle tre kan ikkje vere treffande for heile kommunesektoren samstundes. Eit sentralt argument, som blir grunngjeve i framstillinga, er at utviklinga av lokal og regional styring er meir samansett enn dei tre nemnde forteljingane kan gjere greie for kvar for seg. I sum er det tale om ei kompleks utvikling der fleire ulike styringsformer sameksisterer i og rundt kommunesektoren. Kompleksitet er kanskje det stikkordet som mest av alt er dekkande for utviklinga av lokal og regional styring. Rollemangfaldet gjer kommunar og fylkeskommunar til komplekse organisasjonar, som må verke i ulike institusjonelle kontekstar. Mangfaldet opnar for variasjonar i styringsformer, men også for at dei samla styringsoppgåvene kan bli utfordrande å handtere.