Statlege rapporteringskrav til kommunane

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Handelshøgskulen HVL

Prosjekttype

Oppdragsprosjekt

Prosjektperiode

Desember 2013 - Oktober 2014

Prosjektsamandrag

Vestlandsforsking og Høgskulen har i 2014 utført ei kartlegging av statlege rapporteringskrav til  kommunane på oppdrag frå fire regionale samfunnsaktørar i Sogn og Fjordane.  Prosjektleiar har vore professor  Oddbjørn Bukve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Kartlegginga kom i stand gjennom at fire samfunnsaktørar i Sogn og Fjordane – Fylkesmannen, KS, NAV og fylkeskommunen – ønskte å kartleggje det samla omfanget av rapporteringskrav kommunane møter frå statleg hald. Dei ville også vite kor relevante desse krava er.

Det overordna målet for forprosjektet er å få innsyn i sentrale problemstillingar knytt til statlege rapporteringskrav mot kommunesektoren, som grunnlag for utforming av eit offentleg innovasjonsprosjekt, med tanke på å forenkle og forbetre rapporteringsordningane mellom statenog kommunane.

Eit sentralt funn i prosjektet er at det samla omfanget av statlege rapporteringskrav ikkje berre gjeld dei faste rapporteringsordningane, som i seg sjølv er mange og til dels overlappande, men også krav om dokumentasjon knytt til tilsyn, prosjektløyvingar og enkelthendingar. Kommunane ser at staten har behov for styringsinformasjon, men etterlyser betre samordning av denne og ein konsentrasjon om slike data som er relevante for styring og forbetringsarbeid. For mykje av rapporteringa handlar om aktivitet, for lite om resultat. Kritikken frå kommunane gjeld såleis ikkje rapporteringa i seg sjølv. Det er dobbelrapportering, ressurskrevjande rapportering rundt småprosjekt og opplevinga av at mykje av rapporteringa ikkje blir brukt som skaper grunnlaget for kritikk. Kommunane ser eit stort behov for å forbetre rapporteringsordningane.

. Synspunkta frå kommunane på kva ein bør følgje opp i eit utviklingsprosjekt kan oppsummerast slik:

  Vi bør gå i retning av mindre rapportering og meir tillitsbasert styring. Dette kan bidra til å redusere overflødige rapporteringsoppgåver med låg nytte i høve til kostnadene, spesielt i samband med mindre tilskotsordningar.
 

  Vi bør stole meir på eigenkontrollen i kommunane. Det inneber at vi let kommunane sjølve ha kontroll- og revisjonsansvar for ein del oppgåver og tildelte midlar Kommunar og mottakarar bør spele saman for å utvikle større medvit om formålet med rapporteringane. Dette kan bidra til fokus på at ein bed om, hentar inn og sender data som er relevante og nyttige data.
 

  Vi bør forenkle og samordne innhenting og rapportering av data, med vekt på kva vi kan oppnå gjennom betre bruk av ikt som verktøy.
 

  Vi bør utvikle betre analyseverktøy, som gjer kommunane i stand til å utnytte betre potensialet som ligg i data som dei allereie rapporterer.
 

  Vi treng meir opplæring i bruk av data og analyseverktøy, mellom anna for betre bruk av datasetta i Kostra.
 

  Vi bør ha meir fokus på forbetringspotensialet. Rapporteringa må vere læringsorientert, og det må leggast mindre vekt på ”straffande” reaksjonsmåtar. Vi bør finne fram til betre høve for påverknad frå kommunane si side. Dei som bruker Kostra og andre rapporteringsordningar bør få høve til å påverke både kva det skal rapporterast på og korleis det skal gjerast.

Metode

Dokumentstudiar, fokusgruppeintervju i utvalde kommunar og Fylkesmannen