Lokal velferdsleiing i eit system under press
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Juli 2007 - Desember 2013
Finansieringskjelder
Noregs forskingsråd
Totalbudsjett
6100000 NOK
Prosjektsamandrag
Dette prosjektet er eit strategisk høgskuleprosjekt, Det inkluderer fleire delprosjekt. LVL- prosjektet har samla deltakarar frå tre av høgskulen sine avdelingar: Avdeling for helsefag, avdeling for samfunnsfag og avdeling for økonomi, reiseliv og leiing. Samordningsansvaret for prosjektet har lege til fagmiljøet i organisasjon og leiing. Forskarar frå Universitetet i Agder har også delteke.
Prosjektet er sett saman av ei reke delprosjekt knytt til fire ulike deltema. Dessutan har prosjektet etablert ein fagleg samarbeids- og utviklingsarena som har vore open også for andre tilsette ved HiSF som forskar på leiing og organisering av helse og velferd. Rundt 15 personar har delteke på aktivitetane i regi av Arena LVL. Til Arena LVL har ein henta inn ekstern spisskompetanse, og deltakarane har fått høve til å presentere og få kommentarar på forskinga si.
Mål for prosjektet
Prosjektet har to hovudmål. Det faglege hovudmålet er å avklare vilkåra for og mulighetane til lokal leiing i helse- og sosialsektoren. Sentrale delmål er 1) Å studere korleis aukande systemkompleksitet og nye styringsformer påverkar vilkåra og handlingsrommet for leiarar i sektoren. 2) Å sjå på kva slags kompetanse, organisering og leiing som trengst dersom ein skal skape organisasjonar som er utviklingsorienterte og læringsdyktige, og samstundes i stand til å handle innanfor tronge kostnadsrammer.
Det strategiske hovudmålet er å utvikle fagmiljøet i helse- og sosialleiing ved HSF. Eit sentralt delmål har vore å utvikle ein fagleg fellesarena og eksterne nettverk for fagmiljøet ved HSF, og å utvikle fou-basert undervisning og læring ved masterstudiet i organisasjon og leiing. I prosjektperioden har det såleis vore fleire årlege fou-seminar, og det er rettleidd rundt 20 masteroppgåver med tema som er relevante for prosjektet.
Prosjektet er samansett av delprosjekt knytt til fire tema. For faglege resultat og publikasjonar kan ein lese omtalen av kvart delprosjekt.
Deltema 1: Lærande leiarskap
Eit teoretisk perspektiv på læring og leiing (Øyvind Glosvik)
Grasrotleiarar i helse- og velferdssektoren som lærande leiarar (Øyvind Glosvik)
Deltema 2: Kliniske mikrosystem og behandlingslinjer i helsetenesta
Kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid i spesialisthelsetenesta (Einar Hovlid, PhD-avhandling)
Informasjonsflyt mellom sjukeheim og sjukehus (Marta Strandos, masteroppgåve)
Deltema 3: Kvalitet og kontinuitet i omsorgstenesta
Kvalitetsarbeid i pleie- og omsorgstenestene (Hanne-Marie Heggdal, masteroppgåve)
Kontinuitet som kvalitetsfaktor i demensomsorga (Toril Midtbø, Gro Kvåle)
Deltema 4: NAV-reforma og den lokale leiinga
Dei lokale NAV-leiarane sitt handlingsrom (Leif Longvanes, Magne Eikås)