Poesi og framføring
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
August 2013 - August 2015
Prosjektsamandrag
Mål
Tema for prosjektet er musikalske/lydlege møte med poesi og det har to siktemål:
• undersøkje det didaktiske potensialet i munnlege framføringar
• utforske framføring av poesi som multimedialt uttrykk
Om prosjektet
Prosjektet er todelt. Opplesing av poetiske tekstar som tolkingsform og retorisk kommunikasjon: Denne delen er ei utforsking av musikalske element i dikt og diktopplesing, og spør kva for estetisk verknad
det har å la eit dikt ’lyde’ i rommet. Korleis kan arbeid med opplesing (analytisk og utøvande)
bidra til å utforske ‘lyden i lyrikken’? Analysematerialet er lyd- og videoopptak av elev-og
studentframføringar, forfattarar som les eigne dikt og eigen opplesingspraksis.
Den kunnskapsteoretiske basen er retorikk og hermeneutikk.
Poesi og framføring som performativ kunst: Dette er ei undersøkjing av det multimediale
samspelet mellom talens og musikkens formregister. Det byggjer på erfaringar frå tverrfaglege
lyrikkprosjekt som utforskar kva som skjer når ulike kunstartar møtast og skaper eit nytt
uttrykk.