Design av samfunnsvitskaplege forskingsprosjekt
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Handelshøgskulen HVL
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
Juli 2014 - Desember 2018
Prosjektsamandrag
Forskingsdesign handlar om planen eller framgangsmåten for å gjennomføre eit forskingsprosjekt. Ein klar og målretta design er nøkkelen til å gjennomføre eit vellykka prosjekt. Samanlikna med den store mengda litteratur om forskingsmetode, er forskingsdesign likevel stemoderleg handsama.
Mål
Målet har vore å skrive ei oppdatert fagbok som kritisk drøfter ulike oppfatningar av design i samfunnsvitskapleg forsking. Samstundes har det vore eit mål å skrive slik at boka kan vere nyttig for dei som er nykommarar i bransjen, og kanskje skal til med sitt første prosjekt.
Samandrag
Boka går inn på kva som kjenneteiknar vitskapleg kunnskap generelt og samfunnsvitskapleg forsking spesielt. Vidare drøftar den forskingsdesign som kombinasjonen av kunnskapsmål og strategiar for å produsere data. Boka tek opp både kva som kjenneteiknar ulike forskingsdesign, og prosessen med å utforme ein design steg for steg.
Prosjektfase 2 i 2018 har som mål å revidere boka for utgjeving på engelsk og å utvikle kurs i forskingsdesign basert på boka.