Brukarbaserte oppfølgingstenester for personar som lever med KOLS
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for helse- og omsorgsvitskap
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
August 2013 - Juli 2017
Prosjektsamandrag
Bakgrunn
Område der det er behov for kunnskap, og korleis prosjektet skal møte desse kunnskapsbehova:
- Det er sparsamt med data i Noreg som gir grunnlag for å berekne omfang av problemet med samhandling og samanhengande pasientforløp. og for å avklare underliggande årsaker til problema. Prosjektet skal bidra med data frå brukarar som kan beskrive omfang og underliggande årsaker.
- Effektane av foreslåtte tiltak innan oppfølgingstenester for personar som lever med KOLS er usikre. Samhandlingsreforma og nasjonale faglege retningsliner foreslår endringar i høve innhald i helsetenestene, og korleis dei blir finansierte, leverte og leia. Det er difor viktig å evaluere endringar når desse blir gjennomført. Prosjektet skal evaluere noverande og nye tenester for pasientgruppa.
- Det er eit mål å involvere brukarar og interessegrupper for å oppnå betre samordning og kvalitet i helsetenesta, men det er lite dokumentasjon om korleis dette kan oppnåast. Eit av fleire fokus i prosjektet er korleis pasientmedverknad i dag blir ivaretatt i helsetenestene og i helsetenesteforsking. Prosjektet skal også gi erfaring med og dokumentasjon av samarbeidsforsking som metodologi.
Prosjektet inneheld eit forprosjekt, og eit hovudprosjekt med to deler.
Forprosjekt: Styrking av brukardeltaking
I eit forprosjekt har tenestebrukarar og tenesteytarar gjennomgått eit opplæringsprogram om kvalitetsforbetring og forsking, og dei har saman med forskarane planlagt eit prosjekt der alle partar skal samarbeide gjennom heile forskingsprosessen. Alle har deltatt i val og utarbeiding av målsettingar, metodar, instrument og informasjonsmateriell.
Forprosjektet er gjennomført og finansiert av ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering via Landsforeningen for hjerte- og lungesyke og HiSF. Det er skrive sluttrapport til ExstraStiftelsen, munnleg presentasjon er gjennomført mellom anna på vitskapleg internasjonal konferanse, og det har resultert i ein skriftleg vitskapleg publikasjon (Halding, Fossøy, Moltu, Grov og samarbeidspartnarar (2016).
Forprosjektet er avslutta.
Hovudprosjekt: Brukarbaserte oppfølgingstenester for personar som lever med KOLS
Hovedprosjektet er finanisert av HiSF, og har to delprosjekt.
1. Tverrsnittstudie med survey som metode
Formålet er å kartlegge behova til KOLS-pasientar, og tilbod om og bruk av eksisterande oppfølgingstenester i Sogn og Fjordane. Populasjon er pasientar registrerte i Helse Førde sitt elektroniske pasientjournalsystem med KOLS som hovud- eller bidiagnose.
Vi nyttar tre validerte instrument og eit ad hoc spørjeskjema, og data blir analysert med statistiske metodar. Datainnsamling og analysar er gjennomførte, og publikasjon under arbeid.
2. Kvalitativ intervjustudie med individuelle intervju
Formålet er å få djupare forståing for pasientane sine behov og deira erfaringar med oppfølging frå og samhandling med helsevesenet. Deltakarar er eit utval av deltakarane i delstudie 1.
Datainnsamling er gjennomført, og data er under analyse.
Planlagt prosjektslutt er våren 2017.