Survey - Bruk av toalett og bleier i sjukeheim
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Grunnforskning
Prosjektperiode
Januar 2015 - Desember 2019
Prosjektsamandrag
Denne studien omfattar 870 bebuarar i sjukeheim sin bruk av bleier og toalett. Det er generert eit detaljert materialet om kor mykje hjelp bebuar treng for å kunne bruke WC, kor mange gongar/kva tid på døgnet bebuar brukar WC, kva pleiarane meiner er årsakene til at bebuarar ikkje brukar WC, bruk av urinkateter, dostol og urinflaske. Vidare er det eit detaljert materiale om kor mange som bruker bleier, kva slags bleier, kor ofte bleier vert skifta, kor mange som brukar bleier «just in case» osv. Kartlegginga var basert på semistrukturerte intervju som bachelorstudentar i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen gjennomførte i 100 sjukeheimsavdelingar med pleiar som kjende godt til bebuar. I forlenginga av prosjektet skulle me gjerne ha sett nærare på avdelingar som brukar mykje/lite bleier.
Vona er at studien vil danne underlag for å forklare kvifor bleie – og toalettpraksisane er som dei er og såleis legge grunnlag for at funksjonshemma og pleietrengjande får så optimale bleie - og toalettpraksisar som mogeleg.
Metode
Survey basert på intervju