Trøyst hjå kvinner med tilbakefall av eggstokkreft.
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Mars 2017 - Mai 2018
Prosjektsamandrag
Studien skal gje ny kunnskap om kva kvinner med eggstokkreft opplev som trøyst, og kva opplevinga av å motta trøyst gjer med kvinna. Dette med bakgrunn i tidlegare studier som viser at kvinner med residiv av eggstokkreft, som opplev mykje trøst og støtte har høgare grad av livskvalitet. Studien eg ønskjer å utføre er kvalitativ, forankra i fenomenologisk hermeneutisk tradisjon då hensikten er å forstå fenomenet trøyst og mennesklege opplevingar. I studien skal hovudmengda av data samlast inn ved bruk av dagbok i ein tre vekers periode. Dagbokskriving gir mulighet for å uttrykke opplevingar som ein ikkje alltid kjem på i ein direkte intervju situasjon. Data blir då nedskrive tekstar som vil bli analysert hermeneutisk relatert til giorgis metode ref. Malterud (2012). Det vil også bli gjort intervju relatert til dagboka. Årsaka til val av dagbok som metode er å få fram reflekterte tankar om trøst, samt gje informanten mulighet til å vurdere kva som er trøyst for henne.