Brukarbaserte oppfølgingstenester for personar som lever med KOLS- eit samarbeidsforskingsprosjekt

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Oktober 2013 - Desember 2016

Prosjektsamandrag

Helse- og omsorgstenesta har stor utfordring med å imøtekomme behov for brukarsentrerte og koordinerte tenester til dei som lever med langvarige helseplager. Ein legg vekt på samhandling og brukarmedverknad i tenesteutvikling. Kvalitetsforbetring av oppfølgingstenester til personar som lever med kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) er helsepolitisk prioritert. Hovudmålet er å gi forskingsbaserte innspel til kvalitetsforbetring av oppfølgingstenester til denne brukargruppa, med likeverdig brukardeltaking i alle fasar av prosjektet. Prosjektet har tre delprosjekt*** 1) Kompetanseheving for medforskarar og utvikling av prosjekt, 2) Kartlegging av livskvalitet, meistring av kvardagen med KOLS, oppleving av sosial støtte, behov for, tilbod om og bruk av helsetenester hos personar som er registrerte i Helse Førde sitt elektroniske pasientjournalsystem med den medisinske diagnosen KOLS, og 3) Vidare utforsking av brukarerfaringar frå Delprosjekt I med kvalitative intervju.