Barns deltaking i barnevernet. Kunnskapsutvikling i samarbeid mellom praksis, brukarar, forsking og utdanning gjennom arbeid i forskingssirkel.

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for velferd og deltaking

Prosjektperiode

Mars 2016 - September 2017

Prosjektsamandrag

Prosjektet er ei direkte kopling mellom praksisfelt og utdanning, og har som mål å generere kunnskap om korleis barn sin medverknad i barnevernet vert best ivareteke, og utvikle arbeidsformer som ivaretek dette i praksisfeltet. I tillegg er det eit mål å utvikle gode undervisningsopplegg for barnevernutdanninga som bygger på forskingsbasert og praksisbasert kunnskap for framtidas barnevernsarbeidarar. Deltakarar i prosjektet er tre interkommunale barnevernstjenester representert med til saman ti kommunar, og ein PhD stipendiat og ein prosjektleiar, begge frå Høgskulen på Vestlandet.

Brukarstemma er representert i forskingssirkelen i ulike former ved at det er gjennomført dialogkonferansar og individuelle intervju med ungdomar  med erfaring med barnevernet. I tillegg deltok interesseorganisasjonen Landsforeininga for barnevernsbarn  på oppstartseminaret til forskingssirkelen.