Hjelp, eg må på toalettet. Ein praxeologisk studie om dei som treng hjelp av heimesjukepleiar i toalettsituasjonar
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Grunnforskning
Prosjektperiode
September 2019 - Desember 2022
Prosjektsamandrag
Bakgrunnen for studien er at det kan vere vanskeleg å halde seg når ein kjenner trong for å lette seg på eit toalett, samstundes som det kan ta tid før heimsjukepleiar har høve til å hjelpe den pleietrengjande. Kvinner er ekstra sårbare i toalettsituasjonar, fordi dei i større grad enn menn er avhengige av å sette seg ned og fordi dei ikkje kan bruke flaske ved vasslating.
Det finst ikkje studiar om toalettpraksisar frå heimesjukepleiekontekstar, men medieoppslag, studiar frå sjukeheimar og rapportar frå sjukehus i fleire vestlege land viser at pleietrengjande ikkje får hjelp til å kome seg på toalettet og kan bli liggjande i timesvis i urin og avføring.
Formålet med studien er at gamle heimebuande som er avhengige av hjelp frå heimesjukepleietenesta skal få kome på toalettet når dei treng det (i fylgje WHO er ein gamal når ein er 75 år eller meir).
Overordna spørsmål: Sidan det ikkje finst tidlegare studiar om toalettpraksisar i heimesjukepleie, vil studien ha ei vid og eksplorerande form:
Korleis er tilhøvet mellom toalettpraksisane til gamle, heimebuande, pleietrengjande som treng hjelp frå heimesjukepleie i toalettsituasjonar og
a. moderne kroppslege normer?
b. organisering av heimesjukepleietenesta?
c. bustaden si utforming?
d. dei gamle sin fysiske funksjon?
e. pleietrengjande og pleiarar sin sosiale bakgrunn?
Forskingsspørsmål:
·Kva er bakgrunnen for at gamle får hjelp frå heimesjukepleietenesta?
-
Korleis avgjer kommunen kor mykje -/kva hjelp gamle skal få i toalettsituasjonar?
-
Når har dei gamle trong for å kome på toalettet og når får dei hjelp?
-
Kven hjelper dei gamle i toalettsituasjonar og korleis blir arbeidet utført?
-
Korleis erfarast toalettpraksisane av den gamle , pleiarane og eventuelle pårørande?
-
Korleis er tilgangen til toalettet i bustaden til den gamle?
-
Kva sosial, kulturell og økonomisk bakgrunn har den pleietrengjande og pleiaren?
Metode:
-
Intervju med 5-10 pleiepersonell og 10-15 pleietrengjande
-
Observasjon av korleis toalettpraksisar vert gjort, observasjon av den gamle kvinna si evne til fysisk mobilitet og observasjon av korleis den gamle kvinna sin bustad er utforme.